Stageway

Odd Nordstoga

  • Manager Sigve Prestnes (e-post)
  • Label Universal Music / Silje Hope (e-post)
  • Booking booking@stageway.no (e-post)
  • Presse HES / Erle Strøm (e-post)
  • 27 Jul Odd Nordstoga @ Ekstra! Midnattskonsert i Hellebergshillaren in Hatlestrand, Norway (billetter)
  • 28 Jul Odd Nordstoga @ Midnattskonsert i Hellebergshillaren in Hatlestrand, Norway (billetter)
  • 03 Aug Odd Nordstoga @ Engerdal Samfunnshus in Engerdal, Norway (billetter)
  • 09 Aug Odd Nordstoga @ Gamle Ormelet in Tjøme, Norway (billetter)
  • 03 Nov Odd Nordstoga @ Nordstrand Kirke in Oslo, Norway (billetter)
  • 07 Des Odd Nordstoga @ Oslo Spektrum in Oslo, Norway (billetter)
  • 08 Des Odd Nordstoga @ Grieghallen, Griegsalen in Bergen, Norway (billetter)
  • 13 Des Odd Nordstoga @ Maihaugsalen in Lillehammer, Norway (billetter)

Odd Nordstoga er fødd 10. Desember 1972 og vaks opp på garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populærmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for så i nokre år å drive meir med folkemusikken gjennom gruppa Blåmann Blåmann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet Nivelkinn som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate. I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som «Dagane» og «Frøken Franzen» omtrent på same tid som serien Jul i Svingen gjekk på NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same året spelte han også rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av Tryllefløyten som turnerte heile Noreg og Sverige. I 2008 gav han ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet Pilegrim. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata Strålande Jul med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofè. Elias Blix-salma «Upp gledjest alle» derfrå er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata November kom året etter, og der er folkpreget for fyrste gong tona litt ned til fordel for eit litt mørkare og personleg landskap. Solsida av dette landskapet kjem til sin rett i neste plate Vaffelhjarte, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok og tv-serien med same namn. Songane «Bestevenn» og «Ein farfar i livet» herfrå står vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frå Nordstogas hand. Vaffelhjarte vart feira med to utselde hus i Operaen og ein TV-konsert på NRK. Men noko Noregsturné vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frå starten av på neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, Ingebjørg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata Heimafrå for så å reise på turne i små grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar på tre kvart år blei det, og det heile avslutta med to fantastiske konsertar igjen i Den Norske Opera. I 2015 kom ”Dette landet”. Eit album spelt inn i Atlantis Studio i Stockholm med brødrene David og Ivar Vogt som produsentar. Plata fekk spelemannspris for beste tekstar det året. Tekstane var skreve av Odd sjølv, men med tre bidrag av Stein Versto. Plata førde til omfattande turnering og låtar som ”Dette landet”, ”Diesel og Bensin” og ”Kunsten å gå” har alle slege seg opp som store livefavorittar. Siste turnerunden for plata vart avslutta i Vinje seint haust 2016. I februar 2017 gjekk Odd i studio att med sitt faste band dei siste åra: Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass, David Walumrød på tangentar og Øyvind Blomstrøm. Denne gongen gjekk turen til AmperTone i Oslo med Bård Ingebrigtsen som teknikar og coprodusent. Albumet viste seg å bli eit dobbeltalbum og når me skriv 27. september 2017 har det blitt gjeve ut 6 låtar frå dette prosjektet. Heile sulamitten kjem ut i februar 2018 og har fått namnet KLØYVD. Året 2018 blir eit aktivt år for Odd Nordstoga, såpass mykje kan ein lova. Odd Nordstoga har hausta ein heil del med prisar for sitt musikktalent, mellom anna kan nemnast 6 spelemannsprisar inklusive Årets Spellemann for 2004. Men han har også fått mange prisar for sitt språk. Mellom anna Storegutprisen, og Nynorsk kultursentrums høgthengande pris Årets Nynorskbrukar.